Sommarutstillinga 2012 med Roy Andreas Dahl

 

Roy Andreas Dahl er sommarutstillar hos oss i år! Dette synes vi er kjekt!

 Akylbilde med stort spenn i motiv. Frå landskap til samtalar og rosa prinsesser, som du kan sjå lengre ned på sida vår.

For å nå ut til eit endå større publikum legg vi no eit utval av bilda ut på bloggen vår.  Vi veit det er mange som har hatt lyst til å sjå utstillinga, men befinn seg andre stader i landet og til og med utlandet. Kanskje med litt heimlengt?  Kanskje finn du noko du kjenner deg att i, og som rører ved akkurat deg.

Dahl har denne gongen med motiv ikkje berre frå Syvde, men også frå Rovde, Hakallestranda, Breiteig, Fiskå, Ørsta og Nordfjord.

Dette er ein smakebit. Vi kjem attende med meir.

 

Ta kontakt  på 70023048 eller kom innom oss i  Galleriet i Syvde.

Bilda blir hengande til midten av august.

 

 

 


"Mot Fiskå"

 


 

"Kjem du?"

 

 

 


"Motiv frå Syvde"

 

 

 




"Regn"

 

 





"Rovdefjorden"

 

 

 

 

 

"Mor og datter"


 

 

"Hakallestranda"

 

 

 

 


"Holdeplassen"

 

 

 

"Motiv frå Ørsta" 

 

 

 

 

"Stillhet"

 

 



"Vinterlandskap"

 

Fullt hus og stormande jubel!





Ein flott kveld vart det i Galleriet fredagen 10.juni. Etter litt godsnakk med flya på Gardermoen kunne Birger ønske velkomen til ny Galleriopning i høve Kosterikjedagane. Folk var tolmodige, stod tett og fekk servert flott song av Mannskoret Frendar som hadde si siste opptreden før sommaren akkurat denne kvelden. Ei flybåren Åsil Øverland overtok stafettpinnen frå mannskoret, og fortalde om far sin, Arnulf Øverland, og las fleire av dikta hans. Ho held også på med ei bok om livet til faren, som truleg kjem ut neste år. Og jammen var ho begeistra for korsongen også!





Og veggane var fulle av kunst,- flotte og frodige bilde i herlige fargar. Her var det berre å la seg friste slik fleire gjorde! Både Hans Normann Dahl og Åsil Øverland sine bilde lyste opp veggane i Galleriet vårt denne kvelden. Og med mat og prat og hyggelege besøkande vart dette også ein flott kveld i kjend stil. Laurdagen  og søndagen var det også svært godt besøk hos oss, og endå fleire bilde fekk raude lappar og nye heimar å glede.

Frimerkekunstnaren Sverre Morken signerte førstedagsstempel og frimerke laurdag. Frimerkesamlarar frå heile distriktet møtte fram:






Kosterikjedagane 2011  i Syvde er over for denne gong, men utstillinga blir hengande til 1.august.

Hjarteleg velkomne vidare!

Kunstutstilling 10.juni -1.august 2011

 



Det er med glede vi inviterer til Galleriopning med

Hans Normann Dahl og Åsil Øverland

Fredag 10. juni kl 19.00 samband med Kosterikjedagane

Mannskoret "Frendar" syng.

Åsil Øverland vert til stades under opninga. Ho les dikt av far sin, Arnulf Øverland,og fortel om boka ho arbeider med.

Enkel servering.

Opningstider:

Fredag 10. juni kl 19.00

Laurdag 11. juni kl 10 -18

Søndag 12. juni kl 10.00 - 18.00

Måndag ? fredag kl 13.00 -17.00

Laurdag kl 10.00 - 14.00

Elles etter avtale:

Tlf 70023048/

70023303 (privat)

95220981 (mobil)

 

 

Hans Normann Dahl (f.1937)

fødd i 1937 på Lørenskog,

er teiknar, grafikar, malar, avisteiknar og illustratør.

Han er kjend for dei mange fargerike, frodige og romantiske bileta sine. Han er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo og kunstakademi-et i Warszawa.

Han har teikna for Dagbladet og andre aviser, illustrert ei rekke bøker og særleg laga grafikk. Utstillingane har vore mange, og han har også mottatt fleire prisar for bokillustrasjonar og plakatar. Bileta hans er innkjøpte av bl.a. Nasjonalgalleriet, Riks-galleriet, Bergen billedgalleri, Stavanger Faste Galleri, Oslo Bys Kunstsamlinger, Nasjonalmuseet i Warszawa og byen Mont-reals faste samlingar.

Hans Normann Dahl har undervist på Sta-tens Håndverks- og Kunstindustriskole, Statens kunstakademi, Arkitekthøgskolen i Oslo og Den Nordiske malerskole på Ile de Re i Frankrike. Han eig og driv Mose-bekkskolen i Oslo.

Åsil Øverlander fødd i Oslo 1946, og bur og arbeider i hovudstaden.

Ho er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i periodane 1975-79 (klær og kostyme) og 1981-83 (maleri og grafikk).

Etter debuten i Galleri T3 på Lillestrøm 1983 har det blitt ei lang rekke separatutstillingar, bl. a. i Larvik kunstforening, Lillesand kunstfore-ning, Rekefabrikken i Nevlunghavn, Galleri Par-ken i Bergen og Galleri Dronning Tyra i Krokk-leiva. Kunstnaren har også delteke på mange kollektive utstillingar, bl. a. Østlandsutstillingen, "Fullt a`grafikk" i Christiansands Kunstforening, Internasjonal litografiutstilling i Tidaholm i Sverige (1994 og 1998) og utstillinga "Norske grafikere" i Los Angeles i 1964.

 

 

.

 

 

 

.

 



 

 

 

 

 



 

 

Splitter nye Syvdemaleri !

 

Med jamne mellomrom har vi kunstnarar som  vert facinerte av dei flotte fjella og kontrastane vi har rundt oss her i området. Husa ved sjøen og dei bratte fjella ikring. Denne månaden har vi fått inn ikkje mindre enn 3  splitter nye "Syvdebilde" . Kunstnarane denne gongen er Inger K. Giskeødegaard  frå Ålesund og Arnfinn Røyland frå Sandnes. Begge er merriterte med god fartstid bak seg som kunstnarar.

 

 

 

Oljemaleri av Arnfinn Røyland "Blåfelden"  med ramme: 35 x 48 cm:

 



 

 

Oljemaleri av Arnfinn Røyland "Stille fjord" (med Høgenipa) med ramme 38 x 48 cm:

 

 

 

 

 

Oljemaleri av Inger K Giskeødegård med ramme 97 x 97 cm:

 

 



 

 

Dette er det første oljemaleriet av Blåfelden av Inger.  Ho har fått eit heilt spesielt forhold til dette fjellet etter sine mange besøk i Syvde. Tidlegare har ho måla i akvarell,- ofte på staden! Det er facinerande å sjå korleis ho tryllar fram desse svært på kjære og kjende fjellformasjonane!

 

Ta gjerne kontakt  med oss om dette er noko for deg!

 

 

Opning av juleutstilling 2010

Og så var vi igong med juleforberedelsane,- og kva var då meir naturelg enn Galleriopning?

Men mykje skal klaffe, og i år har vi hatt mange jarn i elden. Juleutstillinga hadde ikkje gått av stablen iår uten god hjelp frå mange kantar. Det er farleg å nemne namn,- men vi prøvar likevel: Espen Wingaard har drege i mange gode trådar, og uten han ville det nok ikkje blitt juleutstilling i år!  Ei  handfull medlemmer av Vanylven Kunstlag har også hjulpe oss med praktiske gjeremål i forkant at opninga. Det er vi særedeles takksame for!

Med fullsett hus, barnekor og juleminne fra ordførar Helgøy låg alt til rett for ein flott kveld. Flotte bilde på veggane,- med  stort spenn både i sjanger og uttrykk.

Kunstnarane iår er som tidlgeare nevnt Tor Rafael Raael frå Sande i Vestfold, Bjørn Saastad frå Oslo og Arnfinn Røyland frå Sandnes

Arnfinn Røyland var også tilstades sjølv og kunne fortelje om sine 13 år i Kenya som har inspirert kunsten hans, og han har også fått drive kunstundervisning der. Men samstundes ser vi at han har teke "på kornet" naturopplevingar frå meir heimlege omgevnader. Røyland har også måla 2  flotte bilete med motiv frå Syvde som er til sals.

Det nye barnekoret debuterte med brask og bram,- ei flott oppleving for dei framøtte. Øystein Blom trakterte pianoet og  leidde  den sjarmerande gjengen med stødig hand.

Jan Helgøy kåserte over juleminne frå sin oppvekst i Ryfylke,- minne som fleire kunne kjenne seg igjen i.

Mange "raude lappar" fann vegen til veggane våre også denne kvelden, og fleire har det blitt i dagane etter.  Men vi har likvel mykje flott kunst igjen. Ta gjerne turen innom oss for ei flott kunstopplevning eller eit gåvekjøp til deg sjølv eller andre du er glade i!

 

Tusen takk til alle som var med oss på førjulsopning!

Bilda blir hengande fram  til jul.





Galleriopning 26.11 - Førjulsstemning!

Fredag 26.11.10 kl 19.00 til 22.00 har vi gleda av å invitere til ny opning i Galleri Brødrene Vik, Syvde

Desse kunstnarane stiller ut hjå oss denne førjula:

·         Arnfinn Røyland

·         Bjørn Saastad

·         Tor Rafael Raael

 

Arnfinn Røyland vert til stades under opninga.

Det blir premiere med det nye Barnekoret under leiing av herrane Blom og Wingaard.

Ordførar Jan Helgøy kåserer over si barndoms jul.

-Enkel servering-

 

Alle er hjarteleg velkomne!

 

Opningstider fram mot jul:

Søndag 28.11.10        15.00-18.00

Mandag - Fredag       13.00-17.00

Laurdag                        10.00-14.00

 

Elles etter avtale, ta kontakt: 70023048 - 70023303 - 95220981 

Birger og Kjellaug



 

Sommarnytt i Galleriet

Etter litt feriering både innanlands og i deilige Danmark,- er vi no tilbake i Galleriet og driv på som før. Det er mange trådar som skal samlast etter litt fråvær. Vi har fått inn ein del nye bilete for dei som er intresserte. Her viser vi nokre små smakebitar,- vi har sjølvsagt mykje meir inne

Ein av desse er Henrik Koppen, lokalt forankra og eit mulittalent vi gler oss til å sjå og høyre meir i frå.






Denne veka fekk vi besøk og ny nyforsyning av bilde frå Sykkylvskunstnaren Stein Kåre Nygaard. Han er stadig produktiv!








Vi har ogspå fått inn ein del nye trykk frå Per Flatøy frå Stord. Han har også hatt utsilling hos oss tidlegare, til liks med dei andre Henrik Koppen og Stein Kåre Nygaard. Men bilda er nye!  Som de ser femner desse kuntnarane breitt,- med sine forskjelige uttrykksformer.






Ta gjerne turen innom oss i ferien,- vi har ope både i sol og regn:)



Har du sett "Dansen" på veggen ?

                 


Som mange har fått med seg,- ikkje minst under Kosterikjedagane, har vi fått Leiten på veggen! Og då meiner vi ute på veggen over inngangangpartiet i Galleriet. Eit stort bilde i materiale som skal tåle vind og ver!
Orginalen er i privat eige og er måla på lerret.


Bildet har namnet "Dansen"  og er måla i begynnelsen av 70-talet av kunstnaren Ansgar Leiten. For dei fleste i området er Leiten kjend,- han vart fødd i 1908 og døydde i 1992.
Mesteparten av livet budde han i Vanylven, og han sette spor etter seg.
Som biletkunstnar etterlet han seg ei imponerande mengde bilete, som heng på veggane i privatheimar, offentlege og private institusjoner.


Leiten levde av kunsten åleine i meir enn 50 år.
Liten hadde eit kunstnarsinn, og meistra heile 15 måleteknikkar, laga skulpturar av stein og metall,kunstverk av leire og glas og skreiv over 900 dikt.
Dette er det fyrste bilete som er trykt opp av Leiten, og går til inntekt for drift av i permanent utstilling av bileta hans i Syvde.


Bileta er trykte i 2 storleikar:

Ytre mål med ramme 50 x 62 cm: 2250 kr

Ytre mål med ramme 72 x 88 cm: 3050 kr

Desse tre stiller ut 21.mai:)

Harald Løseth:




Han var fødd og oppvaksen på Løsethstranda i Syvde.

Tidleg i ungdommen drog han til sjøs, jobba på mekanisk verkstad, og han har også teikna vimplar for Den norske vimpelfabrikk i Drøbak.

Han har utdanninga si frå Bergens Kunsthåndverksskole (1969-73) og Statens Kunstakademi (1975-78).

Etter endt utdanning i Oslo drog Harald Løseth til Bergen der han vart med i kunstnargruppa VEST, eit kollektivt atelier som markerte seg på utstillingar over heile landet. Han arbeidde både med grafikk og oljemaling, og etter kvart vart maleriet kjerneuttrykket hans.

Filosofien til Harald Løseth var at Kunsten skal ut til folket og vere der folk er. Først då har kunsten verdi!

Dei siste åra han levde var han glødande oppteken av kunstutdanning og bygde opp Bryggen Kunstskole til ei 3.årig utdanning.

Harald Løseth har hatt fleire separatutstillingar rundt om i landet og delteke på fleire kollektivutstillingar. Han var representert på Høstutstillingen fem gonger og på Vest-landsutstillingen seks gonger. Han utsmykka Studentsente-ret Universitetet i Bergen i 1983 og er kjøpt inn av Norsk kulturråd. Kunst på arbeidsplassen, Oslo kommunes kunst-samlingar og Universitetet i Bergen.

Einar Aarø:



Einar Aarø er utdanna ved Bergens Kunsthåndverks-skole og Statens lærerskole i forming, Oslo, og har vore elev av Jean Clertè, Paris.

Einar Aarø er grafikar. I etsingane finn vi menneske, fuglar, dyr og plantar mot svarte eller kvite flater.

Motiva er formidla gjennom ein grafisk kvalitet som er sjeldan.

Einar Aarø er også musikar. Med banjoen sin og den smittande energien gler han mange som medlem i Ytre Suløens Jass-ensemble.

Blant mange utstillingar han har hatt eller delteke i, kan vi nemne:

Statens høstutstilling, Vestlandsutstillingen, Trondhjem, Bergen, Ålesund og Kristiansund kunstforening, Galleri Arctandria, Oslo, Molde Internatiolal Jazz Festival, Oslo Jazzfestival, Kongsberg Jazzfestival, Petter Dass-dagene,Alstadhaug, Gruppe vest syv, Krakow, Norsk grafikk,Vilnius, Norsk Nutidskonst,Blekinge, Danske grafikere, København.

Arbeida hans er innkjøpte av Nasjonalgalleriet, Riks-galleriet, Norsk Kulturråd. Bergen Billedgalleri,Faste galleri i Trondheim,Ålesund,Kristiansund, Haugesund og Volda, Norsk Hydros Samlinger og NRK.

 

Oddvar Torsheim:




Oddvar Torsheim er fødd i Naustdal i Sunnfjord i 1938, men voks opp på Rovde der faren var lærar.
Han
budde der til han var ni år.

Han er musikar og biletkunstnar. Oddvar Torsheim er kjend som ein særeigen og dyktig biletkunstnar.
Motiva er humoristiske.

Musikken hans er som oftast tolkingar av kjende Beatleslåtar omsette til nynorsk.

Han er utdanna ved Bergen Kunstskole og Grafisk

skole, København. Oddvar Torsheim har hatt separatutstillingar over

heile landet, i Sverige ,og han er representert på

Statens haustutstilling mange gonger.

Han har saman med kunstnargruppa VEST 7 delteke på utstilling i Krakow i Polen.

Arbeida hans er innkjøpte av Nasjonalgalleriet. Riks-galleriet, Bergen, Oslo og Trondheim kunstforrening, Norsk kulturråd, Rolf Nesch, Stavanger faste galleri, Ålesund politikammer og Bergen Bys samlingar.

Oddvar Torsheim har hatt utsmykkingsoppdrag på

Fylkessjukehuset i Ålesund, Kaupanger barne- og ung-domsskule, Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane og Firda vid. skule. Han har fått Fylkeskulturprisen i Sogn og fjordane, er æresborgar av Førde, fått Naustdalprisen, kulturpris frå Førde kommune og Målpris frå Noregs mållag.

NY OPNING I HØVE KOSTERIKJEDAGANE:





GALLERI BRØDRENE VIK slår til med ny kunstutstilling under KOSTERIKJEDAGANE i Syvde.

Denne gongen er det tre kunstnarar, alle med tilknytning til Vanylven, som stiller ut.


EINAR AARØ - kjend grafikar og musikar frå Slagnes i Vanylven. I etsingane hans finn vi menneske, fuglar, dyr og plantar. Motiva er formidla gjennom ein grafisk kvalitet som er sjeldan. Han har ein mannsalder spelt banjo i Ytre Suløen.


ODDVAR TORSHEIM - biltetmakar, som han brukar å kalle seg, er frå Sunnfjord, men vaks opp på Rovde. Han er kjend som ein særegen og dyktig biletkunstnar med humoristiske motiv. Oddvar Torsheim er også musikar. Som oftast tolkar har kjende Beatleslåtar, omsette til nynorsk.


HARALD LØSETH - biletkunstnar frå Syvde, men har i mange år vore busett i Bergen. Han arbeidde med grafikk og oljemaling. Harald Løseth døydde i fjor, berre 61 år gammal. Dette vert eit fint høve til å gjere seg betre kjend med kunsten hans. Døtrene vert til stades under opninga og vil ha eit minneord om faren.

Ta ein tur til Syvde i Pinsa under Kosterikjedagane!
Les mer i arkivet » Juni 2012 » Juni 2011 » Desember 2010
hits