Serveringsbrettet "Delikat" - den spede begynnelsen av Galleriet






Dette er reproduksjonar av ei svært populær salgsvare her hos oss. Vi fekk endåtil eige patent i 1945!
Her fygjer litt hitorikk om severingsbretta og historia til Brødrene Vik skriven av Reidar Vik: Han starta på nytt produksjon i 2007, etter påtrykk frå kundekretsen:)


Våren 1945, då storkrigen var over, var brørne Arnfred og Reidar Vik så smått komne igang med eit innrammingsverkstad i Buda (stabburet) i Pålgarden i Vik i Syvde. I tillegg til det vanlige arbeidet med innramming byrja vi produksjon av serveringsbrettet "DELIKAT". Ein artikkel som, stort sett, var eit innramma fruktmotiv med enkle påstifta handtak i same slags list.

Vi såg snart at dette var ein artikkel som kunne seljast i større mengder, og at det kunne vere ynskjeleg å sikre eineretten med ein mønsterbeskyttelse. Dette fekk vi ordna gjennom eit patentbyrå, og vart gjeldande frå 17. november 1945. Desse papira er tekne vare på, og det er rart å sjå dei att no etter 60 år!

I åra som fylgde vart serveringsbrettet "Delikat" selt i store mengder. Det var berre tilgangen på "råstoff"  som lister og glass som bremsa. For det var stor varemangel dei første 5-6 åra etter krigen. Brettet vart ein ynda presangartikkel.
Vi tilsette ungdomar frå bygda som laga brettet på akkord. Per Ystebakk, som i 1946 var i 15 år, fekk etterkvart god rutine med å lage ramene. Verktøyet var ei enkel gjerdesag. Svanhild Nybø, frå Villabøen, pussa glas og monterte motiva. Motivet varierte no frå fruktmotiv til "Elg i solnedgang". Vi hadde tidvis også andre i arbeid, men kanskje i kortare periodar.

Vi hadde nokre få reisande agentar som hadde ei prøve av brettet, og selde då til butikkar på provisjonsbasis. På denne måten vart serveringsbrettet "Delikat" å få kjøpt "viden om" frå Finnmark i nord til Stavanger i sør. På austlandet hadde vi spesielt gode avtaler på Lillehammer, som igjen selde vidare til andre.
I 1947 kjøpte firmaet ein ny Peugeot personbil, og nådde såleis etter kvart ein større kundekrets i dei næraste bygdene. men til dels også lenger borte.
Litt ut på 50-talet minka salet etter kvart som butikkhyllene vart oppfyllte av varierte og tradisjonelle vareslag. Serveringsbrettet "Delikat" si glansperiode var over, og vi var igang med nye prosjekt.


Bretta er no til salgs igjen i begrensa opplag.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits