05.apr.2010






God seinpåske til alle, og tusen takk til alle som har sett seg på tilhengjarlista vår! Overveldande respons dette fyrste døgnet, og svært inspirerande for oss!  Det er trass alt ikkje mulig å halde på utan publikum:) Tusen takk for alle tilbakemeldingar, - vi lærer medan vegen blir til. 

Etter ein lang vinter er det no godt å sjå at Kong Vinter ser ut til å sleppe litt taket her i Syvde. Usedvanleg kaldt har det også vore, men lysare med all snøven. Kjekt å sjå at snøklokkene og krokusen får sleppe til i dei lunaste kråene langsmed husveggane. Påskeliljene må vel vente til mai i år ..?

Her i Galleriet går vi innhalsrike veker og månader i møte. I så måte er mai eit høgdepunkt. I år blir det faktisk to utstillingar med to hovedopningar i løpet av mai månad! Det vil vere kunstnarar både med lokal tilknytning, men også frå utlandet denne gongen. Den eine utstillinga er lagt i samband med "Kostarikje-dagane",- Syvdingane sin festival med mykje godt folk samla. Ein kjempesuksess frå fjoråret! Vi gledar oss til det som kjem, og vil etterkvart legge ut namna på kunstnarane og uttrykksforeme deira. De vil også kunne få sjå smakebitar frå bilda som skal vere med på utstillingane. Fylg med oss vidare!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits