Alfhild Lillebø stiller ut hos oss 23. april




ALFHILD LILLEBØ

 

 

Fødd i 1952 i Vanylven.

I det meste av sitt yrkesaktive liv har ho, saman med mannen sin, dreve egne forretningar innan møbel og innreiingsartiklar.

Ho har alltid vore interessert i kunst, og har gått kurs i keramikk, porselensmaling og oljemaling.

I tillegg har ho gått rosemalingskurs i Rauland.


Mest aktiv vart Alfhild etter at ho blei buande deler av året i Spania.

Der har ho gått kurs både på Strandgalleriet og La Casita del Arte i Guardamar, der ho fortsatt går fast og malar.

Ho har gått kurs i teknikkane olje, akvarell, collage og aktmaling.

Den "dansk-spanske" kunstneren Rita Jochumsen Hee, har i alle desse åra vore hennar gode instruktør og inspirator. Det spesielle lyset ved Middelhavet gjev også stor inspirasjon. Det blå middelhavet med blå himmel gjenspeglar seg nok i hennar blå fargar, som ofte er hovedfargen i bilda ho malar. Ho brukar også ein del sand fra Middelhavet i sine oljemaleri.


I Spania har Alfhild delteke i fleire utstillingar på Strandgalleriet og La Casita del arte i Guardamar, og Casinoet i Torrevieja.

Ho har solgt mange bilder på utstillingane, i fleire land.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits