Kjem kunsten fram?



JA, no nærmar det seg opning av ny utstilling! Vi har heldt pusten i mange dagar,- vil bilda og kunstnarane kome fram i tide?? Som mange andre har vi fulgt overmåte godt med på nyheitsendingane og avisene, for å sjå om flytrafikken Norge-Spania kjem i gang igjen. Vi vil jo så gjerne få utstillinga i gang etter planen,- og det er mange som gler seg til dette, høyrer vi. Enn så lenge sit ein del av kunsten "askefast", som det no heiter, i Spania...men mykje kan rette seg enno. T.J. Miles og Rita J. Hee kjem så sant det går fly,- dei vil gjerne få med seg hendinga saman med oss. Kunsten til Alfhild er allereie i hus, så opning blir det uansett.

Vanylven har vore prega av vonde nyhende siste tida,- med den tragiske dødsulykka på Haus laurdag 17/4 har sett ein støkk i oss alle og tankane går til alle dei nære involverte. Det uhendelege, har hendt. Forholda her er små, så det gjeld å ta godt vare på kvarandre.

 Vi ynskjer velkomen til kunstutsilling,- til tross for det vonde som har hendt og håper de vil ha ei hyggeleg stund saman med oss i Galleriet. Vi kjem tilbake med meir informasjon,- men enn så lenge sier vi: Vel møtt!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits