Kunstopninga 23.april:)


Så kjekt det var!

Her kjem eit lite utdrag frå opningskvelden,- mulig var det publikumsrekord !?
Som seg hør og bør,-var det fleire som hadde ordet. Birger var fyrste mann ut og fleire fylgde.
Vi hadde lukka på vår side og fekk fram både kunst og kunstnarar og alt gjekk etter planen med forbredingane. Men det er jo alltid like spennande,- vil det kome nokon? Folk kom og kjekt vart det,- Terry Miles måla endåtil eit bildete på direkten og gav til kulturkonsulenten i kommunen, Jermund Rekkedal!
Det var kunstprat og program uti dei små timar og mange fekk diskutere kunst og kose seg. Elna Leiten deltok med fleire dikt rett frå minnet og vi fekk høyre musikalske innslag frå Anne Lise Lillebø, Malin Nordal og Roger Wagland. Sistnevne er sjølv kunstanar og har vore utstillar hjå oss tidlegare. Anne Lise og Malin er henholdsvis dotter og barnebarn av kunstnaren Alfhild Lillebø.Tusen takk til alle!



Men det hadde sjølvsagt ikkje blitt det same utan publikum! Mange  hyggelege tilreisande frå fjern og nær, og også våre trufaste bygdafolk  som stiller opp igjen og igjen. Så inspirerande både for galleristar og kunstnarar! Vi håpar de hadde ein flott kveld i lag med oss!

På grunn av gledeleg stort sal av Alfhild Lillebø sine bilde, har vi fått inn ein del nytt for dei er som intresserte:)

Utstillinga blir hengande til ho blir avløyst av ny opning i høve "Kosterikjedagane".

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits