Litt bakom-bilde i høve opninga!





Vi har hatt litt problem med å få fram bilda frå opninga, men ville gjerne vise Dykk litt av det som skjedde likevel: På bilde ovanfor ser de frå venstre: Alfhild Lillebø, Jan Arne Lillebø, Kjellaug Jacobsen Vik, Birger Vik, Rita J. Hee og TJ Miles.  De ser også eit av bilda som TJ malte på opninga med irsk landskap.
Det er hektisk dagar  med kunstopning og det er sjølvsagt svært kjekt når kjemien stemmer godt,- då går alt lettare og det er lett å knyte gode band for framtida.





Her ser de bilete av Syvde kyrkje som Miles malte til kulturkonsulenten i kommunen , Jermund Rekkedal. Det var imponerande å sjå korleis han "trylla fram" dette kjende motivet for oss.

Vi har planar om å ha malekurs i regi av kunstnarane litt fram i tid her i galleriet,- så det er berre å ta kontakt for å melde si interesse! Alle detaljar er ikkje spikra enno, men meir informasjon til kome.




Her ser det kunstnaren TJ Miles i aksjon.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits