Har du sett "Dansen" på veggen ?

                 


Som mange har fått med seg,- ikkje minst under Kosterikjedagane, har vi fått Leiten på veggen! Og då meiner vi ute på veggen over inngangangpartiet i Galleriet. Eit stort bilde i materiale som skal tåle vind og ver!
Orginalen er i privat eige og er måla på lerret.


Bildet har namnet "Dansen"  og er måla i begynnelsen av 70-talet av kunstnaren Ansgar Leiten. For dei fleste i området er Leiten kjend,- han vart fødd i 1908 og døydde i 1992.
Mesteparten av livet budde han i Vanylven, og han sette spor etter seg.
Som biletkunstnar etterlet han seg ei imponerande mengde bilete, som heng på veggane i privatheimar, offentlege og private institusjoner.


Leiten levde av kunsten åleine i meir enn 50 år.
Liten hadde eit kunstnarsinn, og meistra heile 15 måleteknikkar, laga skulpturar av stein og metall,kunstverk av leire og glas og skreiv over 900 dikt.
Dette er det fyrste bilete som er trykt opp av Leiten, og går til inntekt for drift av i permanent utstilling av bileta hans i Syvde.


Bileta er trykte i 2 storleikar:

Ytre mål med ramme 50 x 62 cm: 2250 kr

Ytre mål med ramme 72 x 88 cm: 3050 kr

Én kommentar

Gunhild Rolandsen

27.mai.2010 kl.22:37

Kjøpte den i julegåve til meg sjølv,eg. Håper at det kjem fleire trykk etter kvart. Syns det var koselig å få eit Leitenbilde på veggen.

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits