Opning av juleutstilling 2010

Og så var vi igong med juleforberedelsane,- og kva var då meir naturelg enn Galleriopning?

Men mykje skal klaffe, og i år har vi hatt mange jarn i elden. Juleutstillinga hadde ikkje gått av stablen iår uten god hjelp frå mange kantar. Det er farleg å nemne namn,- men vi prøvar likevel: Espen Wingaard har drege i mange gode trådar, og uten han ville det nok ikkje blitt juleutstilling i år!  Ei  handfull medlemmer av Vanylven Kunstlag har også hjulpe oss med praktiske gjeremål i forkant at opninga. Det er vi særedeles takksame for!

Med fullsett hus, barnekor og juleminne fra ordførar Helgøy låg alt til rett for ein flott kveld. Flotte bilde på veggane,- med  stort spenn både i sjanger og uttrykk.

Kunstnarane iår er som tidlgeare nevnt Tor Rafael Raael frå Sande i Vestfold, Bjørn Saastad frå Oslo og Arnfinn Røyland frå Sandnes

Arnfinn Røyland var også tilstades sjølv og kunne fortelje om sine 13 år i Kenya som har inspirert kunsten hans, og han har også fått drive kunstundervisning der. Men samstundes ser vi at han har teke "på kornet" naturopplevingar frå meir heimlege omgevnader. Røyland har også måla 2  flotte bilete med motiv frå Syvde som er til sals.

Det nye barnekoret debuterte med brask og bram,- ei flott oppleving for dei framøtte. Øystein Blom trakterte pianoet og  leidde  den sjarmerande gjengen med stødig hand.

Jan Helgøy kåserte over juleminne frå sin oppvekst i Ryfylke,- minne som fleire kunne kjenne seg igjen i.

Mange "raude lappar" fann vegen til veggane våre også denne kvelden, og fleire har det blitt i dagane etter.  Men vi har likvel mykje flott kunst igjen. Ta gjerne turen innom oss for ei flott kunstopplevning eller eit gåvekjøp til deg sjølv eller andre du er glade i!

 

Tusen takk til alle som var med oss på førjulsopning!

Bilda blir hengande fram  til jul.





Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits