Fullt hus og stormande jubel!





Ein flott kveld vart det i Galleriet fredagen 10.juni. Etter litt godsnakk med flya på Gardermoen kunne Birger ønske velkomen til ny Galleriopning i høve Kosterikjedagane. Folk var tolmodige, stod tett og fekk servert flott song av Mannskoret Frendar som hadde si siste opptreden før sommaren akkurat denne kvelden. Ei flybåren Åsil Øverland overtok stafettpinnen frå mannskoret, og fortalde om far sin, Arnulf Øverland, og las fleire av dikta hans. Ho held også på med ei bok om livet til faren, som truleg kjem ut neste år. Og jammen var ho begeistra for korsongen også!





Og veggane var fulle av kunst,- flotte og frodige bilde i herlige fargar. Her var det berre å la seg friste slik fleire gjorde! Både Hans Normann Dahl og Åsil Øverland sine bilde lyste opp veggane i Galleriet vårt denne kvelden. Og med mat og prat og hyggelege besøkande vart dette også ein flott kveld i kjend stil. Laurdagen  og søndagen var det også svært godt besøk hos oss, og endå fleire bilde fekk raude lappar og nye heimar å glede.

Frimerkekunstnaren Sverre Morken signerte førstedagsstempel og frimerke laurdag. Frimerkesamlarar frå heile distriktet møtte fram:






Kosterikjedagane 2011  i Syvde er over for denne gong, men utstillinga blir hengande til 1.august.

Hjarteleg velkomne vidare!

2 kommentarer

Sonja Reite

29.jun.2011 kl.09:38

Kjempeflott side som de har laga. Kjekt å sjå alt de får til. Kursaktiviteter høyrest spennande ut, gi meg eit vink om når det skjer. :-) Fin sommar til dokke. Eg stikk innom ved høve.
Mvh Sonja

johnny mann

02.jul.2011 kl.13:00

Dear feiend: I am so interesting in Norway best stamps and engraving stamp is my best love. today I am so glad to see this picture "Frimerkekunstnaren Sverre Morken signerte " , I also hope can get master's sign.and I can change chinese stamp engraver' s sign. best thanks

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits